GCompris er eit e-læringsverktøy med ulike øvingar for både skulen og heime. Det er fri programvare tilgjengeleg under lisensen GNU General Public License. Programmet køyrer på fleire plattformer (GNU/Linux, Windows, Android og macOS), og det verkar òg bra på gamle / mindre kraftige datamaskiner.
GCompris har blitt brukt i over tjue år på skular i heile verda. Det har meir enn 150 aktivitetar/øvingar, som dekkjer dei fleste læringsområda:
GCompris krev ikkje tilgang til Internett og samlar ikkje informasjon om brukaren. Programmet er heilt i tråd med EUs personvernforordning.
I GCompris frå og med versjon 1.0 kan du som lærar tilpassa aktivitetane basert på nivået til kvar einskilde elev. For eksempel kan du i rekneaktivitetane velja kva tal som skal brukast i reknestykka, slik at programmet i første omgang utelèt dei større og vanskelegare tala. Og i aktivitetane der ein skal setja bilete i rett rekkjefølgje, kan du tilpassa bileta til elevar som berre kan lesa tal eller som kan lesa både tal og ord.
Denne nivåinndelinga lèt deg skreddarsy elevøvingar for både rekning, språk, naturfag og humaniora. Elevane kan òg spela strategispel for å øva på problemløysing.
For å vera pedagogisk rette er nivåa til GCompris-aktivitetane baserte på læreplanane i den franske grunnskulen.