Last ned

Windows

Du kan installera GCompris frå Windows Store.

Merk: Windows Store krev Windows 10.


Du kan òg lasta ned installasjons­programmet via lenkjene nedanfor.

Systemkrav: Windows 7, 8 eller 10 med OpenGL 2-støtte.

GCompris 4.2-Windows 64bitGCompris 4.2-Windows 32bit

Merk: Viss systemet ditt ikkje har støtte for OpenGL 2 eller støtta ikkje verkar, kan du bruka meny­oppføringa «GCompris (Safe Mode)» på Start-menyen for å køyra GCompris med programvare­basert oppteikning. Dette brukar ikkje OpenGL.

Viss du verkeleg treng ein versjon som køyrer på Windows XP, eller viss systemet ditt ikkje støttar den nye versjonen, kan du bruka det siste installerings­programmet frå den gamle versjon 15.10.

GCompris 15.10-Windows 32bit

Får å få tilgang til alle aktivitetane i denne gamle versjonen kan du, når du startar programmet, bruka koden «200202» i registrerings­feltet som har teksten «CODE».

Android

Denne versjonen for Android er tilgjengeleg i Play Store.

GCompris 4.2 for Android

Me støttar både 32-bits og 64-bits Android i Play Store. Rett versjonen vert automatisk lasta ned basert på kva operativ­system du har.


GCompris er òg tilgjengeleg frå F-Droid, app­butikken for fri programvare for Android.

GCompris 4.2 from F-Droid

Du kan òg lasta ned ei APK-fil direkte for å installera appen manuelt på eininga di.

GCompris 4.2 apk for Android 64bitGCompris 4.2 apk for Android 32bit

For einingar med Android 2.3 til 4.0 er siste kompatible versjon GCompris 0.81.


macOS

Du kan lasta ned macOS-versjonen via lenkja nedanfor.

Han er bygd og testa på macOS 10.13.

GCompris 4.2-Darwin
GNU/Linux

Du kan sjå om distribusjonen din har ein pakke for den nyaste GCompris-versjonen.

Me tilbyr òg frittståande pakkar for GNU/Linux. Dei bør fungera på alle nyare distribusjonar. Systemkrav: linux kernel 3.10, glibc 2.17, pulseaudio, gstreamer 1.0.

GCompris 4.2-Linux 64bitGCompris 4.2-Linux 32bit

Du kan bruka han ved å opna eit terminal­vindauge i mappa der du lasta ned installerings­programmet og skriva:

chmod u+x gcompris-qt-4.2-Linux64.sh
./gcompris-qt-4.2-Linux64.sh

Les så lisensvilkåra eller trykk «Q» for å hoppa over dei, og svar ja på spørsmåla. Programmet vert då installert i ei ny mappe ved sida av installerings­programmet.

Til slutt kan du starta GCompris ved å gå til denne mappa, til undermappa «bin» og så trykkja på fila «gcompris-qt.sh».

Merk: Viss systemet ditt ikkje har støtte for OpenGL 2 eller støtta ikkje verkar, legg til valet «--software-renderer» på slutten av siste linje i skriptfila «gcompris-qt.sh». Ein annan måte er å redigera oppsett­fila (~/.config/gcompris-qt/gcompris-qt.conf): Finn linja «renderer=auto», og byt ut «auto» med «software».

Eit anna alternativ er å installera GCompris frå Flathub eller Snap store.

Raspberry Pi

Me tilbyr ein frittståande pakke for Raspberry Pi. Han er berre testa på Raspberry Pi 3.

GCompris 4.2-Raspberry Pi 3

Du kan bruka han ved å opna eit terminal­vindauge i mappa der du lasta ned installerings­programmet og skriva:

chmod u+x gcompris-qt-4.2-Raspberry.sh
./gcompris-qt-4.2-Raspberry.sh

Les så lisensvilkåra eller trykk «Q» for å hoppa over dei, og svar ja på spørsmåla. Programmet vert då installert i ei ny mappe ved sida av installerings­programmet.

Til slutt kan du starta GCompris ved å gå til denne mappa, til undermappa «bin» og så trykkja på fila «gcompris-qt.sh».

Kjeldekode

Kjeldekoden er tilgjengeleg via AGPLv3-lisensen.

GCompris 4.2-source code
SHA-256 og GPG

For å sjekka at filene du lasta ned ikkje er øydelagde kan du bruka SHA-256-sjekk­summar. Legg til «.sha256» på slutten av nedlastings­adressa for å henta ei fil som inneheld rett sjekksum.

Arkivfilene med kjeldekoden og Linux-installerings­programmet er signerte med GPG-nøkkelen til Timothée Giet (offentlegnøkkel: 0x63d7264c05687d7e.asc)

Signaturfiler:
• GCompris 4.2-source codeGCompris 4.2-Linux 64bitGCompris 4.2-Linux 32bit