Skular

GCompris er eit e-læringsverktøy med ulike øvingar for både skulen og heime. Det er fri programvare tilgjengeleg under lisensen GNU General Public License. Programmet køyrer på fleire plattformer (GNU/Linux, Windows, Android og macOS), og det verkar òg bra på gamle / mindre kraftige datamaskiner.

GCompris har blitt brukt i over tjue år på skular i heile verda. Det har meir enn 150 aktivitetar/øvingar, som dekkjer dei fleste læringsområda:

  • Læra å bruka datamaskina
  • Øva på bokstavar, ord og ordkategoriar
  • Rekna – teljing, aritmetikk, mål, vekt og problemløysing
  • Utforska verda via logikk, kunst og musikk
  • Læra om natur og samfunn – eksperiment, historie og geografi
  • Utvikla strategisk tenking med brettspel

GCompris krev ikkje tilgang til Internett og samlar ikkje informasjon om brukaren. Programmet er heilt i tråd med EUs personvernforordning.


I GCompris frå og med versjon 1.0 kan du som lærar tilpassa aktivitetane basert på nivået til kvar einskilde elev. For eksempel kan du i rekne­aktivitetane velja kva tal som skal brukast i reknestykka, slik at programmet i første omgang utelèt dei større og vanskelegare tala. Og i aktivitetane der ein skal setja bilete i rett rekkjefølgje, kan du tilpassa bileta til elevar som berre kan lesa tal eller som kan lesa både tal og ord.

dataset selection

Denne nivå­inndelinga lèt deg skreddarsy elev­øvingar for både rekning, språk, naturfag og humaniora. Elevane kan òg spela strategispel for å øva på problemløysing.


For å vera pedagogisk rette er nivåa til GCompris-aktivitetane baserte på læreplanane i den franske grunnskulen.