Nyheiter

2023-01-18 
gcompris 3.0

Me er glade for å kunngjera at GCompris versjon 3.0 no er ute.

Denne versjonen inneheld 182 aktivitetar, og 8 av desse er heilt nye:

  • I «Museklikk-øving» skal ein øva på å venstre- og høgreklikka med musa.
  • I «Teikn brøken» skal ein øva på å framstilla brøkar som kake- og kvadratdiagram.
  • I «Skriv brøken» gjer ein det motsette – skriv ned brøken som kake- og firkant­diagramma representerer.
  • I «Lær morse­alfabetet» lærer ein å kommunisera med det internasjonale morsealfabetet.
  • I «Samanlikna tal» lærer ein å bruka <, > og = for å samanlikna tal.
  • «Finn tiarkomplement» er ein enkel aktivitet der ein lærer kva tiarkomplement er for noko.
  • I «Byt tiarkomplement» skal ein byta om på tal for å laga enklare reknestykke ved hjelp av tiarkomplement.
  • I «Bruk tiarkomplement» skal ein dela opp reknestykke ved bruk av tiarkomplement.

Me har òg lagt til to nye kommandolinjeval:

  • Vis oversikt over alle aktivitetane («-l» eller «--list-activities»)
  • Start ein aktivitet direkte («--launch namn_på_aktivitet»)

Denne versjonen har òg fleire forbetringar og feilfiksar.


GCompris 3.0 er no omsett til 36 språk. Det er 100 % omsett til desse 25: aserbajdsjansk, baskisk, bretonsk, britisk engelsk, katalansk, Valencia-katalansk, kinesisk (tradisjonell), kroatisk, nederlandsk, estisk, fransk, gresk, hebraisk, ungarsk, italiensk, litauisk, malayisk, nynorsk, polsk, portugisisk, rumensk, russisk, slovensk, spansk og ukrainsk. Og det er delvis omsett til desse 11: albansk (99 %), belarusisk (83 %), Brasil-portugisisk (94 %), tsjekkisk (82 %), finsk (94 %), tysk (91 %), indonesisk (99 %), makedonsk (94 %), slovakisk (77 %), svensk (94 %) og tyrkisk (71 %).

Ein merknad om talefilene for ukrainsk: Desse har blitt til takka vera organisasjonen «Redd barna», som har finansiert lydopptaka. Dei har òg installert GCompris på 8 000 nettbrett og 1 000 berbare maskiner, og har sendt desse til digitale lærings­senter og andre trygge stadar for barn i Ukraina.

Ein bidragsytar har òg laga talefiler for kroatisk.


Du finn som vanleg pakkar for denne nye versjonen for GNU/Linux, Windows, Android, Raspberry Pi og macOS på nedlastings­sida. Oppdateringa er òg snart tilgjengeleg på Android Play Store, i F-Droid og på Windows Store.

Dei som lagar pakkar for GNU/Linux-distribusjonar, bør spesielt merka seg at me har ein ny avhengnad, på QML-biblioteket QtChart. Og lågaste støtta versjon av Qt er no Qt 5.12. Me har i tillegg gått over frå QtQuick.Controls 1 til QtQuick.Controls 2.

Takk, alle saman!
Timothée & Johnny

Alle nyheiter