GCompris er eit leik og lær-spel med mange ulike aktivitetar for ungar frå 2 til 10 år.
Nokre av aktivitetane er mest som spel, men er likevel lærerike.
Oversikt over aktivitetskategoriar, med nokre eksempel:
GCompris har over 100 aktivitetar, og fleire vert utvikla. GCompris er fri programvare. Det vil seia at du kan tilpassa spelet slik du ønskjer, forbetra det og dela det med ungar i heile verda.
GCompris-prosjektet vert utvikla av KDE-fellesskapet.
Hei!
Me er glade for å kunna feira 20 år med GCompris med ei kunngjering av versjon 1.0.
Denne versjonen inneheld ein stor ny funksjon: Meir enn 50 aktivitetar har no ein innstillingsmeny der du kan velja meir detaljert kva innhald dei skal ha.
Me har òg lagt til fire nye aktivitetar:
Du finn pakkar for denne nye versjonen for GNU/Linux, Windows, MacOS og Raspberry Pi på nedlastingssida. Denne oppdateringa er òg snart tilgjengeleg på Android Play Store, i F-Droid og på Windows Store. Merk at MacOS-pakken ikkje er attestert.
På denne sida finn du status for stemmefiler på ditt språk: https://gcompris.net/voicestats/. Du kan hjelpa oss ved å sjølv spela inn stemmefiler der det manglar.
GCompris er no fullstendig omsett til 22 språk: baskisk, bretonsk, engelsk (britisk og amerikansk), fransk, gresk, hebraisk, indonesisk, italiensk, katalansk (og valensiansk), kinesisk (tradisjonell), mayalam, nederlandsk, polsk, portugisisk, rumensk, slovensk, spansk, svensk, tyrkisk, ukrainsk og ungarsk.
Det er òg fire språk som GCompris berre er delvis omsett til: kviterussisk (85%), Brasil-portugisisk (92%), tysk (89%) og litauisk (84%).
Som nemnt i eit tidlegare innlegg publiserer me no berre omsetjingar som er minst 80 % fullført, for å sikra barna ei god oppleving og ikkje eit halvvegs omsett program. Men dette medfører dessverre at me måtta fjerna omsetjingane for estisk, finsk, galisisk, gælisk (irsk og skotsk), hindi, kinesisk (forenkla), makedonsk, norsk (nynorsk), russisk og slovakisk.
Viss språket ditt er eit av dei som GCompris berre har delvis eller inga støtte for og du ønskjer å hjelpa, ta kontakt med oss (support@gcompris.net) for instruksjonar om korleis du kan bidra med omsetjing.
Ein annan måte å hjelpa til er å skriva blogginnlegg om GCompris. Og ikkje nøl med å gje oss tilbakemeldingar.
Takk, alle saman!
Timothée & Johnny
Hei!
Me er glade for å kunna melda at fullversjonen av GCompris no er tilgjengeleg heilt gratis for alle plattformer!
Installasjonsprogramma for Windows og macOS har blitt oppdaterte, slik at dei ikkje lenger treng nokon aktiveringskode, og fullversjonane på Play Store og Microsoft Store er no gratis.
Me håpar dette gjer det lettare for alle barn i verda å få tilgang til førsteklasses pedagogisk programvare.
Takk, alle saman!
Timothée & Johnny