Spørsmål og svar

Viss me hadde teke med talefiler for alle språka som er støtta, hadde installasjons­programmet teke opp altfor stor plass. Og dei fleste brukarane er berre interesserte i talestøtte for morsmålet sitt. Dei ekstra bileta og bakgrunns­musikken tek òg opp mykje plass, men er ikkje nødvendige for å kunna bruka GCompris. For å minimera storleiken på installasjons­programmet har me derfor valt å ikkje ta med desse, men heller la brukarane lasta dei ned direkte frå programmet om ønskjeleg.

Viss du ikkje vil at programmet skal lasta ned noko automatisk, kan slå av «Last automatisk ned / oppdater lydfiler» i innstillingane.


Du finn alle tilleggs­ressursane her:

https://cdn.kde.org/gcompris/data2/

VIKTIG: I rettleinga nedanfor må du byta ut «-codecName» med «-mp3» for Windows-system, «-ogg» for Linux- og Android-system og «-aac» for macOS-system. Byt òg ut «-localeCode» med rett språkkode.

For bakgrunnsmusikken må du gå til mappa «backgroundMusic» og lasta ned desse to filene:

Contents
backgroundMusic-codecName.rcc

Kopier så filene til mappa «backgroundMusic» i cache-mappa til GCompris.

For talefilene må du gå til mappa «voices-codecName» og lasta ned desse to filene:

Contents
voices-localeCode.rcc

Kopier så filene til mappa «voices-codecName» i cache-mappa til GCompris.

For bileta må du gå til mappa «words» og lasta ned desse to filene:

Contents
words-webp.rcc

Kopier så filene til mappa «words» i cache-mappa til GCompris.

Plasseringa til cache-mappa er forskjellig på ulike operativsystem.

Plassering på Windows:

C:\Users\Username\AppData\Local\KDE\GCompris\cache\data2\

Plassering på Linux:

/home/userName/.cache/KDE/gcompris-qt/data2/

Plassering på Android (du treng rot-tilgang for å kunna gjera endringa i mappa):

/data/data/net.gcompris.full/data2/

Plassering på macOS:

~/Library/Caches/KDE/gcompris-qt/data2/

Begge delar. Heilt frå starten av har GCompris vore ein GNU-pakke – og er det enno. Sidan 2014 har programmet vore utvikla av KDE-fellesskapet.


Alt innhaldet og alle avhengnadar er tilgjengelege under lisensar kompatible med AGPLv3.


Krava for å byggja og offentleggjera appar for iOS er ikkje kompatible med lisensane som GCompris brukar, GPLv3 og AGPLv3.


For Android er programmet alt tilgjengeleg på Google Play Store og F-Droid, og det er for mykje arbeid å gjera det tilgjengeleg i andre appbutikkar. Men viss du brukar eit Fire-nettbrett, kan du installera den nyaste .apk-fila frå denne sida og bruka ein tredjeparts appstartar for å køyra programmet i barneprofilar.