Du kan installera GCompris frå Windows Store.
Merk: Windows Store krev Windows 10.
Du kan òg lasta ned installasjonsprogrammet via lenkjene nedanfor.
Systemkrav: Windows 7, 8 eller 10 med OpenGL 2-støtte.
Merk: Viss systemet ditt ikkje har støtte for OpenGL 2 eller støtta ikkje verkar, kan du bruka menyoppføringa «GCompris (Safe Mode)» på Start-menyen for å køyra GCompris med programvarebasert oppteikning. Dette brukar ikkje brukar OpenGL.
Viss du verkeleg treng ein versjon som køyrer på Windows XP, eller viss systemet ditt ikkje støttar den nye versjonen, kan du bruka det siste installeringsprogrammet frå den gamle versjon 15.10 av GCompris.
Får å få tilgang til alle aktivitetane i denne gamle versjonen, kan du, når du startar programmet, bruka koden «200202» i registreringsfeltet som har teksten «CODE».
Denne versjonen for Android er tilgjengeleg i Play Store.
Me støttar både 32-bits og 64-bits Android i Play Store. Rett versjonen vert automatisk lasta ned basert på kva operativsystem du har.
ÅTVARING: For Android versjon 4.4.2 bør du lasta ned og installera manuelt GCompris versjon 0.95 frå denne nettstaden, då versjon 0.96 frå Play Store ikkje kan lasta ned eksterne ressursar på denne Android-versjonen.
GCompris er òg tilgjengeleg frå F-Droid, appbutikken for fri programvare for Android.
Du kan òg lasta ned APK-fil direkte for å installera appen manuelt på eininga di.
Du kan lasta ned macOS-versjonen via lenkja nedanfor.
Bygd og testa på macOS 10.13.
Du kan sjå om distribusjonen har ein pakke for den nyaste GCompris-versjonen.
Me tilbyr òg frittståande pakkar for GNU/Linux. Det bør fungera på alle nyare distribusjonar. Systemkrav: linux kernel 3.10, glibc 2.17, pulseaudio, gstreamer 1.0.
Du kan bruka han ved å opna eit terminalvindauge i mappa der du lasta ned installeringsprogrammet og skriva:
chmod u+x gcompris-qt-1.0-Linux64.sh
./gcompris-qt-1.0-Linux64.sh
Les så lisensvilkåra eller trykk «Q» for å hoppa over dei, og svar ja på spørsmåla. Programmet vert då installert i ei ny mappe ved sidan av installeringsprogrammet.
Til slutt kan du starta GCompris ved å gå til denne mappa, til undermappa «bin» og så trykkja på fila «gcompris-qt.sh».
Merk: Viss systemet ditt ikkje har støtte for OpenGL 2 eller støtta ikkje verkar, legg til valet «--software-renderer» på slutten av siste linje i skriptfila «gcompris-qt.sh». Ein annan måte er å redigera oppsettfila (~/.config/gcompris-qt/gcompris-qt.conf): Finn linja «renderer=auto», og byt ut «auto» med «software».
Me tilbyr ein frittståande pakke for Raspberry Pi. Denne pakken er ein betaversjon. Han er berre testa på Raspberry Pi 3.
Du kan bruka han ved å opna eit terminalvindauge i mappa der du lasta ned installeringsprogrammet og skriva:
chmod u+x gcompris-qt-1.0-Raspberry.sh
./gcompris-qt-1.0-Raspberry.sh
Les så lisensvilkåra eller trykk «Q» for å hoppa over dei, og svar ja på spørsmåla. Programmet vert då installert i ei ny mappe ved sidan av installeringsprogrammet.
Til slutt kan du starta GCompris ved å gå til denne mappa, til undermappa «bin» og så trykkja på fila «gcompris-qt.sh».
For å kontrollera integriteten til dei nedlasta filene kan du samanlinka MD5-kontrollsummane med dei i denne fila: MD5SUMS
Arkivfilene med kjeldekoden og Linux-installeringsprogrammet er signerte med GPG-nøkkelen til Timothée Giet (offentlegnøkkel: 0x63d7264c05687d7e.asc)
Signaturfiler: