Kjøp / doner

Kjøp Windows- eller Mac OS X-versjon

I Windows- og Mac OS X-versjonane er berre82 av dei 131 aktivitetane tilgjengelege.

Trykk på knappen nedenfor for å betala 9 € for å få ein aktiveringskode. Etter betalinga vil du straks få ein e-post med vidare instruksjonar. (Viss du ikkje finn e-posten, sjå eventuelt etter i reklamemappa.) Viss du ikkje får nokon e-post, meld frå om dette (på engelsk) til sales@gcompris.net.

Ta kontakt for å få eit pristilbod for skulen din.

Registreringa gjev deg rett til å oppdatera til alle nye utgåver av GCompris i2 år. Etter denne perioden kan du halda fram med å bruka den nyaste utgåva du fekk så lenge du ønskjer.

Takk for støtta di til pedagogisk fri programvare.

Timothée Giet.

Juridisk referanse: Selskapet Timothée Giet RCS RENNES Frankrike 537 873 986.

Gje pengegåve

Du, ungane og elevane elskar GCompris. No har sjansen til å hjelpa prosjektet vidare.

Å utvikla programvare tar mykje tid, krev maskinvare og medfører også reising for å promotera prosjektet. Eg treng derfor støtta di for å kunna halda fram med å forbetra GCompris.

Bruk knappane nedanfor for å gje ein valfri pengesum for å støtta prosjektet:

Takk for støtta di til pedagogisk fri programvare.

Timothée Giet.