Siste nytt
Latest addition: Thursday 6 January 2005.
Versjon 6.4 er ei kjapp vedlikehaldsutgåve, hovudsaklig laga for å ha ein sjanse å verta med i debian sarge.
Dette er òg veldig viktig for Skulelinux-prosjektet. Klaus Ade Johnstad har nettopp omsett GCompris til bokmål, og sidan Skulelinux har sitt utspring i Noreg, er det svært viktig at me støttar dei så godt me kan. Dei har gjort ein kjempejobb!
Dette er nytt i versjon 6.4:
Vedlikehaldsutgåve med nokre mindre forbetringar og rettingar:
Retta opp plassering til gcompris_boards.conf-fila for gcompris_edit.
Dei italienske lydane er gjort om 44 100 (Marcello Missiroli).
Ordspela er no trådsikre, stabile og raskare (Alexey Lubimov).
Chronos er oppdatert og retta opp (Frank Doucet).
Retta opp manglande linjeskift, men ikkje alle omsetjingane er oppdaterte enno.
Betre støtte for bokmål (Klaus Ade Johnstad).
Mange oppdaterte omsettingar:
Bruno vil leggja til den kinesiske flagget så snart som mogleg. Så no har me éin milliard fleire potensielle brukarar! ;)
MERK: Den nye nettstaden kan vera villeiande, då han berre er omsett til nokre få av språka som er støtta i GCompris. Slik ligg GCompris-omsetjingane an:
en_CA(100%) fr(100%) nb(100%) de(99%) en_GB(99%) it(99%) nl(99%) nn(99%) ru(99%) hu(98%) lt(98%) es(97%) da(97%) cs(97%) fi(96%) pl(94%) pt(94%) pt_BR(84%) ca(82%) sr(65%) sr@Latn(65%) hr(65%) sl(63%) sv(61%) sk(60%) tr(54%) ro(50%) ar(35%) ms(34%) mk(22%) sq(21%) el(21%) hi(20%) pa(20%) he(17%) am(13%) ga(13%) wa(11%) zh_CN(10%) az(6%) ml(5%)
Du finn ei kopling mellom språkkodar og språk på GNOME-nettstaden.
Frå førre versjon 6.3RC3:
Lagt til russiske ord (Alexey Lubimov).
Retta opp lesespela, slik at dei fungerer på russisk (Alexey Lubimov).
Fleire bilete, blant anna av ein GNU (Franck Doucet).
Retta opp den franske hjelpeteksten (gcompris.texi) (Colombel Renaud).
Lagt til omsetting til irsk og indisk (punjabi).