Home page
Téléchargement immédiat et gratuit
Download Windows (8.3.6, 92Mb)

Om GCompris
Latest addition: Wednesday 20 April 2005.

GCompris er eit leik og lær-program med ei rekkje forskjellige aktivitetar for barn frå 2 til 10 år.

GCompris er eit leik og lær-program med ei rekkje forskjellige aktivitetar for barn frå 2 til 10 år. Nokre av aktivitetane er underhaldande spel, men alle er lærerike. Du finn aktivitetar innan alle desse emna:

-  Datamaskinbruk: Tastatur, mus, …
-  Algebra: Teljing, dei fire rekneartane, mål og vekt, …
-  Vitskap: Vasskrinsløpet, kanalsluser, ubåtar, …
-  Geografi: Plasser land på kart, …
-  Spel: Sjakk, biletlotto, …
-  Lesing: Øving på lesedugleik, …
-  Anna: Lær klokka, set saman puslespel av kjende måleri, vektorteikning, …

I alt inneheld GCompris meir enn 60 aktivitetar, og nye kjem stadig til. GCompris er fri programvare, og du kan derfor fritt tilpassa eller forbetra programmet, og gjerne dela arbeidet dine med alle barn i heile verda.



GCompris vann prisen for pedagogisk programvare ved Les Trophées du Libre, som gjekk føre seg i Soisson i Frankrike den 24. mai 2003.


Programvaren er tilgjengeleg under GNU GPL-lisensen. Han er ein offisiell GNU-pakke. GCompris køyrer på GNU/Linux, andre Unix-system, Mac OS X og Windows.

GCompris kjem heilt UTAN NOKON GARANTI. Programmet er fri programvare, og du kan fritt gje det vidare til andre under GNU GPL-lisensen.



(PNG)

I GCompris har me spesielt prøvd å gjera grafikken fargerik og flott, og brukargrensesnittet enkelt. Men sjølv om det er enkelt, er det svært underhaldande for barn – sjølv dei aller yngste. Barna kan utforska aktivitetane på eiga hand, men med litt hjelp frå foreldre eller lærar kan dei oppdaga endå meir.

Du kan òg sjå bilete av alle aktivitetane.



GCompris køyrer fint på ein 233 MHz-PC med 64 MB minne. Programmet treng 40 MB ledig diskplass. Du kan òg køyra GCompris på dårlegare maskiner, ved hjelp av tynnklientteknologi i GNU/Linux.

Det finst fleire ulike tynnklientløysingar du kan bruka, og alle er baserte på arbeidet til LTSP.

Dei største GNU/Linux-distribusjonane utvikla for skular er Skulelinux, AbulEdu og Freeduc.




-  Childsplay liknar noko på GCompris, men er basert på Python-språket og det SDL-baserte pygame-biblioteket. Spelet fungerer på GNU/Linux og Windows.
-  KDE Edutainment-prosjektet: Pedagogisk programvare av høg kvalitet, utvikla for skrivebordsmiljøet KDE.
-  New Breed Software har fleire fri programvare-baserte prosjekt for mange plattformer, inkludert Windows, Macintosh, Linux, Unix, BeOS, og sjølv PDA-ar og TV-spelsystem! Mest kjend er kanskje Tux Paint.